Omsider var det duka for prøvesmaking av borkebrødet. Arbeidet tok lengre tid og var langt meir omfattande enn vi hadde førespegla oss, så det var med stor glede vi gjekk inn i siste fase av prosjektet! Vi var klare for etegildet!! Gjestar var invitert og menyen var klar.
Det vart litt for stussleg å servere berre nokre tørre borkebrød. Her måtte det tilbehør til. I løpet av 1700-talet var det uår og vanskelege tider fleire gongar. Då gjekk det hardast ut over husmannsmennene, eller plassmmennene som nokon kallar dei. Det var ikkje uvanleg at desse husstandane måtte ty til borkebrødet for å få endane til å møtest. Resten av menyen burde derfor vere av husmannskost meinte vi. Det vart sild og poteter.

Bestemor og bestefar er vel blant få som framleis saltar og røyker sild til eige bruk. Eg har høyrt lange klagesongar om sild til middag sju dagar i veka. Nei sild er det siste dei kunne tenkt seg! Tida der sild var hovudkosten er (kanskje heldigvis) forbi. I dag har silda blitt sjeldan og ikkje så reint eksklusivt. Og det smakar riktig godt spør du meg.
Gjestane fekk altså borkebrød med meierismør, sild og poteter og stikkelsbærsaft. Vi hadde noko speka geitekjøtt i bakhand om nokon ikkje fekk silda ned, men det vart aldri nødvendig.
Det er ikkje fritt for at eg fulgte ekstra godt med når gjestane satte tennene i borkebrødet vårt første gongen. Jo det var godt sa dei. Dei tør vel ikkje sei anna, når eg sit slik å følgjer med argusauge på kvart eit tygg. Eg var ikkje heilt overtydd om dei likte det så godt som dei sa, men då dei utan oppfordring forsynte seg både ein og to gongar var eg godt nøgd!
Ja korleis smakte egentlig barkebrødet?
Det var ein særeigen smak. Gjennom arbeidet med å lage borkemjøl, smakte vi på borken og smaken av alm var tydeleg. Men det var ingen usmak. Tyggemotstanden var også noko høgare enn vanleg flatbrød.
Det var ingen sak å ete seg mette på borkebrød og røykesild. Vi var alle samt einige om at vi hadde fått husmannskost i kongelege mengder!
