Nordfjordmønster eller hyemønster?

Siste veka i februar fekk Fjordhistorikaren prøvd seg på noko nytt! Eg har vore det faglege påfyllet på Bygdekvinnene sin temakveld! Ein temakveld om ingenting mindre enn lokale strikkemønster frå Nordfjord. Det vart ein kjekk kveld og Fjordhistorikaren har fått god hjelp til eit nytt prosjekt om heilt lokale strikkemønster frå Hyen. Prosjektet har berre så vidt starta, men det er jo kjekt å fortelje litt om kva eg driv med!

 

februar 2015 068 2
Ei moderne utgåve av Nordfjordmønsteret strikka av Gunhild moster truleg ein gong på 70-talet. Foto: Vegard Søhoel

 

Ny lærdom på temakveld!

Eg lærte mykje nytt fram mot temakvelden. For det første ligg det forbausande mykje tid bak ein halvtime med uanstrengt prat om eit tema. Informasjon må innhentast og kryss-sjekkast, bilete må samlast inn (personleg syns eg bilete ofte er det viktigaste) og til slutt skal alt setjast saman i nøye planlagt rekkefølgje. Jau timane flaug!

Men då kvelden kom følte eg meg godt forberedt!

 

021
Lydhøyre publikumarar på temakvelden. Foto: Vegard Søhoel.

Stolpemønster frå Nordfjord

Fleire bygder og landsdelar har eigne strikkemønster. Selbuvotten er ein folkefavoritt og fanajakka er kjempe populær i dag. Det eg ikkje var klar over var at Nordfjord også hadde sitt eige mønster. Mønsteret er strikka i stolper, med mørk tråd på kvit bakgrunn.

NFM.0000-01635
Nordfjordtrøye frå Nordfjord Folkemuseum sine samlingar.

 

I 1993 vart det gjennomført ei større gransking av Nordfjordmønsteret. Det er fleire eksemplar av mønsteret i Nordfjord folkemuseum sine samlingar. I tillegg vart det sendt ut fleire førespurnadar i lokalavisene om nokon hadde gamle strikketrøyer liggande. Dei fekk litt respons men ikkje så mykje dei hadde håpa på. Det var  eit forholdsvis lite materiale dei hadde å undersøke. Likevel var det nok til ein lengre artikkel i Årbok for Nordfjord 1993.

No har det seg slik at det ikkje finst så mykje gamalt strikk att rundt om. Flotte strikkeplagg vart ofte først nytta som stasplagg. Då dei vart utslitte vart dei ned gradert til kvardagsplagg. Då plagget var redusert til nokre ubrukelige filler vart dei ofte sendt inn til shoddy fabrikkar. Ein shoddyfabrikk tok i mot gamalt strikk, reiv det opp og brukte det på nytt. For eksempel som fyll i dyner og madrassar.

NFM.1988-00379
Ei godt brukt trøye. Foto: Nordfjord Folkemuseum.

 

 Ulike variantar av mønsteret

Ut i frå dei innsamla trøyene og gamle bilete, la dei merke til at det fanst fleire ulike variantar av mønsteret. For ordens skuld vart dei delt inn i fire undergrupper. Ein grundig gjennomgang av dei fire ulike undergruppene kan bli tørre saker, så vi går ikkje inn på det i dag.

Det som er interessant for oss er at alle trøyene frå Hyen høyrer til same undergruppa. Strikketrøyene frå Hyen var alle i undergruppe 3. I artikkelen frå 1993 hadde dei fem eksemplar i denne gruppa. Fire eksemplar var frå Hyen og eit eksemplar frå Eikenes ytterst i Hyefjorden. Dette var spennande! Og meir spennande vart det når bygdekvinnene kunne fortelje om fleire eksemplar rundt om på gardane.

036
Det blir spanande å sjå nærare på desse eksemplara! Foto: Annette Langedal Holme.

 

 

Har vi eit eige hyemønster? 

Før temakvelden var omme hadde eg fått sett tre eksemplar av nordfjordmønsteret som dei ikkje visste om i 1993. Eg fekk også vite om i alle fall to eksemplar til. To av dei tre trøyene eg fekk sjå høyrde til undergruppe 3. Kan vi for alvor snakke om eit hyemønster? dette må undersøkast vidare.

033
Foto: Annette Langeda Holme.

 

Kommenter innlegget